Aurum; best i test!
Kammerkoret Aurum var førre helg med på Norges korforbund si landskonkurranse for kor i Olavshallen her i Trondheim. I klassen for blandakor deltok vi saman med 14 andre kor frå heile landet. Vi hadde valt å framføre "Prayers of Kierkegaard I" av Knut Nystedt, "Verlorne Jugend" av Johannes Brahms, "Sion non dissolvantor manus tuae" av Kjell Habbestad og "Oj, Janie, Janie" av Henryk Górecki på sjølve konkurransedagen 9. oktober. Vi tykte sjølv det gjekk ganske bra, og det var eit spent kor som dagen etter kom til Store Sal der dei beste deltakarane i konkurransen skulle få ein sjanse til å synge på Grand Prix-konserten same kveld.
Det var upåklageleg stemning etter at vi vart plukka ut saman med seks andre kor til finalekonserten. Etter å ha framført "Sion non dissolvantor..." ein gong til var det berre å lene seg tilbake, nyte ein artig konsert med Trondheimskoret Abes & Babes og krysse fingrane før premieutdelinga. Jubelen stod i taket i salen då leiinga i korforbundet kåra Kammerkoret Aurum til beste blandakor med 22,07 av 25 moglege poeng. Ein stor augneblink for oss i koret og ein del av ein fantastisk heimesiger for trøndekora i konkurransen.
Vi i Aurum vil gratulere hovudvinnar og vinnar av publikumsprisen Det Norske Jentekor, leia av Anne Karin Sunndal-Ask, med ein uslåeleg prestasjon og eit fantastisk resultat i to klasser.
Vi gratulerer òg Tove Ramlo og kora hennar, Hauka Mannskor og damekoret Cantus, som sikra klassesiger i sine respektive klasser, og Embla som tok andreplassen i damekorklassen. Det er svært mykje å vere stolt av i Trondheimsområdet!
Takk til verdige konkurrentar i klassen for blandakor; Vokalensemblet Skrik, ØremaZZørene, Vingel Singers og alle dei andre: Med slike konkurrentar kan ein i alle fall aldri vere trygge på å vinne!
No kan vi med eit smil om munnen ta fatt på julerepertoaret, og vi skal framleis sikte mot nye høgder. Snakkast vi på adventskonsert 6. desember?
Sist oppdatert (laurdag 17. oktober 2009 01:45)



